
Selbjørnshallen opna 2 november 2013. Den ligg kun eit steinkast frå Bekkjarvik båthamn og består av skule og idrettshall.
Her er det mulighet for aktivitetar som fotball, handball, volleyball, badminton, og barne/skuletrim, og me har egen ungdomsklubb.
I tillegg har me eit stort, fint trimrom og skytebane.
Hallen har mykje å by på. Det er lagt vekt på praktiske løysningar for både idrettsarrangementet og andre typar tilstellingar.
Når du kjem inn hovudinngongen, møter du eit stort og fint fellesareal med kjøkken/kiosk og sosialt rom. Me har 10 toalett og 4 gode garderobar, vaskerom og eige vaktrom med god sikt inn i hallen.
Sjølve hallen er på 46 m x 24 m med parkett på golvet, det er og eigen tribune.
Spelebanen er fast merka for handball, minihandball, volleyball, badminton og basketball.
Handballbanen er 20x40m. 2 stk minihandballbaner 12x20m
På utsida finn du god parkering og enda fleire aktivitetar.
Her ligg et flott idrettsanlegg med krøllgrasbane, tennisbane, ballbinge og sandvolleyball.
VELKOMEN TIL OSS!