Selbjørn IL logoSelbjørn IL
Stifta 1957

Heim / Selbjørnshallen

Selbjørnshallen

Selbjørnshallen opna 2. november 2013 og ligg fint til ved Bekkjarvik hamn. Hallen kombinerer skule- og idrettshall, og er eit samlingspunkt for heile bygda.

I hallen er det rom for fotball, handball, volleyball, badminton og barne-/skuletrim, i tillegg til ungdomsklubb, treningsrom og skytebane.

Fellesareal

Når du kjem inn møter du eit stort og fint fellesareal med kjøkken/kiosk og sosialt rom. Hallen har 10 toalett, 4 garderobar, vaskerom og vaktrom.

Hallen

Spelebanen er 46 m × 24 m med parkettgolv og tribune. Banen er fast merka for handball, minihandball, volleyball, badminton og basketball. Handballbanen er 20 × 40 m, med to minibanar på 12 × 20 m kvar.

Uteanlegg

Utanfor finn du kunstgrasbane, tennisbane, ballbinge og sandvolleyball.

Selbjørnshallen

Leig hall eller sosialt rom